Saturday, August 31, 2013

Gult og Kult Bryllup fra Voss av Mint and Love - Bryllupsfotograf & Design




GULT & KULT FRÅ VOSSABYGDA


Denne lørdagen, har vi virkelig den store godteposen av et bryllup å vise frem. Dette glade og sprudlende bryllupet til Ingvild & Vegard, fant sted på Voss. De giftet seg i vakre Vangskyrkja, som ligger i sentrum av fineste Voss 30. juni 2012. Ingvild og Vegard, har laget mye av dekoren selv, med hjelp av gode venner. Den flinke fotografen er søster av bruden, og hun har også vært deres grafiske designer på trykk og invitasjoner. Marie utfører og leverer kule foto & design gjennom Mint & Love. NWB har også vist forlovelsesbildene deres som også var brukt på invitasjonene, noe vi er veldig glad for å se at norske par gjør mer og mer.




BRUDEN FORTELLER: Frå starten av planlegginga visste me at me ønska oss eit originalt, morosamt, romantisk, men avslappa bryllup. Me ønska at gjestane skulle føle seg verdsatt, men samtidig frie til å danse på borda. Feiringa la me til mi heimbygd, Voss, som på sommartid er omringa av snødekte fjelltoppar og grøne åsar med vakre sommarblomar, noko som igjen inspirerte fargepaletten vår og valet av kvitt, gult og grønt som våre hovudfargar.

- Beste minne fra dagen: Brudgommen er gitarist og me ønska at musikk skulle være ein viktig del av bryllupet. Heldigvis for oss har me mange dyktige musikar venner som ønska å bidra. Kvelden før bryllupet hadde me ein fantastisk fin grillfest i hagen til mine foreldre og kosa oss med deilig grillmat og "Brudlaups-heimabrygg" som pappa hadde brygga til anledninga. Etter maten hadde min forlovar ein rask kor øving med alle gjestane, for å forberede morgondagens utgang frå kyrkja. Bakgården vår fyltes med musikk og dei vakre tonane til Bill Withers - Lovely Day. Når eg ser tilbake på bryllupsdagen får eg framleis gåsehud når eg tenker på utgangen frå vielsen, gåande nedover midtgangen med drømmemannen mens familie og venner syng og dansar til "Lovely day"! I ettertid har og fleire av gjestane nevnt bryllupsbandet, og gjestane som tok over dansegolvet, som eit av dagens høgdepunkt. Vegard hadde i tillegg skrivd ein nydelig song til meg, som han framførte framfor alle, eg trur ikkje mitt hjarta var det einaste som smelta då.

- Tips til andre brudepar: Gjer bryllupet så personlig som mulig. Me ville at dagen skulle innehalde så mange detaljar som mulig som reflekterte oss som par, eit godt eksempel på dette er "logoen" vår med initialane V+I = VI og ikkje minst den flotte kaketoppen med dorull-brudeparet som mine 6.klasse elevar laga til oss. Det er jo endå ikkje like vanlig med temabryllup i Noreg, men me ønska å køyre vårt fargetema heilt ut med fargepaletten på alt frå sko, blomar, sokkar, sløyfer, dekorasjonar, origami-pynt, invitasjonar, ballongar, bryllupskake og ikkje minst den flotte gule Volkswagen bobla me fekk låne.

- Hvorfor Mint & Love? Me var så heldige å få hjelp av mi veslesyster som er både grafisk designar, ein fantastisk fotograf og står bak Mint & Love - Bryllupsfoto og Design. Ho har hjulpet oss med alt frå våre kule invitasjonar, forlovelsesbilder, program, takkekort og sjølvsagt bryllupsbildene. Me ønska ikkje ein standard bryllupsfotografering, men ein leiken og morosam shoot fylt av hopp, latter og morro. Marie hjalp oss med gode forslag og gjorde at me følte oss avslappa og komfortable under fotograferinga. Me er utruleg glade for hennas hjelp.

- Bryllupsmusikk: 
Inngang: Valse de Amelie fra filmen "Amelie from Montemarte"
Utgang: Lovely day, Bill Withers
Brudevalsen: Kjenningsmelodien frå "Tre Nøtter Til Askepott"

Teksten er beholdt på nynorsk, som er brudens dialekt og skriftspråk. NWB elsker nynorsk, og hadde ikke behov for å gjøre teksten om til bokmål. 

LEVERANDØRER: Bryllupsfotograf: Mint & Love // Kyrkje: Vangskyrkja, Voss // Selskapslokaler: Bømoen, Voss // Catering: Lenes kjøkken // Blomster: Voss Blomsterhandel // Bryllupskake: Kringlo, Voss // Kaketopp: Brudas elevar i 6. klasse // Brudlaupsøl: Heimabrygg av brudas far, Jon // Brudekjole: Alanar fra Provinias // Brudas sko: Nina Shoes // Brudas smykker: Gave fra mor // Hår: Floke Frisør // Make-up: Bruda sjølv // Bryllupsband: Gode venner av brudeparet // Origami & papirpynt: DIY Bruda og venner // Grafisk design: Mint & Love ved Marie Lid Aske